- kultur og kaos

om

Foto: Vera Lunde

FOREDRAG MED RENATE RIVEDAL

Er du interessert i kunst og kultur?
Er du medlem av ein Kunstklubb, leiar for eit Senioruniversitet eller er ansvarleg for eit arrangement knytta til kultur på arbeidsplassen? Ynskjer de å samlast for å bli inspirert, få underhaldning og ny kunnskap?

Fortel kva de er interessert i å høyre meir om og eg skreddersyr eit foredrag for dykk. Eller de kan velje frå ei variert liste over foredrag som allereie er klare.

Pris:
Frå kr. 15.000 for eit nytt foredrag om valgfritt tema.
Frå kr. 12.000 kr for eit av foredraga her på www.kunstforedrag.no
Alle foredrag varer 45 min - men eg kan gjere tilpassinger når det gjeld tema og lengde.

Ta kontakt i skjemaet nederst på sida eller ved å sende ein e-post til:
r_rivedal@hotmail.com

Litt om meg: 
Eg har ein master i kunsthistorie frå UIB, der eg skreiv om Sophus Tromholt (1851-1896), nordlysforskar og pioner innafor fotografi av den samiske befolkninga i åra 1882-1883. Eg har lang erfaring som formidlar ved ulike kunstinstitusjonar, og eg har eit brennande engasjement for kunst - og kulturformidling.

I dag arbeidar eg med www.kunstforedrag.no , eg er kunstkritikar i Bergens Tidende og skribent for Kunstavisen. I tillegg arbeidar eg med ei bok om Kyrkjegardarar i Vestland og i gong med eit nytt Podkast-prosjekt. I 2024 fekk eg Fritt Ords kritikerstipend: Den gode kritikken 2024-2025. I tillegg fekk eg skrivestipend frå NFFO for å fortsetje på Kyrkjegardsboka.

Eg har tidlegare arbeidd på KODE, Lepramuseet, St. Jørgen Hospital (Bymuseet i Bergen), Bergen Assembly, Den kulturelle Skolesekken og Bergen Offentlige Bibliotek. Eg har hatt ulike roller ved dei ulike institusjonane, men gjennom arbeidet som formidlingskonsulent ved KODE, hadde eg ansvaret for seniortilbod og deltatt i utviklinga av museets formidlingstilbod til insatte i Bergen Fengsel, ved sidan av ordinære omvisingar for born og vaksne.

tidligare oppdragsgivarar:

Sørlandet Kunstmuseum

Oseana Kunst og Kultursenter

Ålesund Kunstklubb

Voss Senioruniversitet

Halden Eldreakademi

Fjell Folkeboksamling

Laksevåg Senioruniversitet

KODE Kunstklubb

Bergen Offentlige Bibliotek

Rekstensamlingene

Pensjonistuniversitetet i Drammen

Bryggens Museum 

m.m. 

 

Foto: Vera Lunde