- kultur og kaos
E66DE5F7-9230-4F41-BABB-720279B9FFDF.JPG

kultur og kaos

Strandamalerne – Norges mest populære malerier

Strandamalerne – Norges mest populære malerier
Av Kunstnerkollektivet Alt Går Bra (Red.)
Utgitt av Museumsforlaget 2024

Med tekstar av: Alt Går Bra, Susanne Christensen, Hans Marius Hansteen, Geir Haraldseth, Sandra Lillebø, Charles Russell, Frode Sandvik, Tonje Haugland Sørensen, Frédérique Toudoire-Surlapierre og Alessandra Ballotti. I tillegg til intervju med dei gjenlevande malarane og deira etterkomarar

Det er eigentleg merkverdig at ingen har teke tak i denne fasinerande forteljinga før. Ein gjeng med fiskarar og bønder frå Stranda som fann ut at dei kunne ta opp malekosten og enda med å spreie norsk natur via lerret og papplater. Dei snekra saman karusellar, omtrent som eit sirkelforma samleband, som gjorde arbeidet endå meir effektivt. I 20 år var det kringom 12 fiskarar som tende pengar på å male, og mellom 1930 og 1960 produserte dei opptil 20.000 maleri i året! Vanvitig! Alt går bra har rekna ut at det var ein gjennomsnittleg produksjon på fire til fem maleri per dag per person. 

Maleria er lett gjenkjennelege med fjell og vatn, gjerne ein liten robåt og ofte med ei stove der det stig røyk frå pipa. Det er aldri ruskete vær, store bølger eller interaksjon mellom menneske. Det er den rolege naturen vi møter hos Strandamalarane.

Kunstnarkollektivet Alt Går Bra består av Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried. Dei har atelier på Nordnes i Bergen, og sommaren 2020 viste dei fram maleri av Strandamalarane. Det enda med at 800 nysgjerrige tok turen innom lokala deira, alle med eit forhold til Strandamalarane.

 I 2024 hadde dei ei storstilt utstilling på Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde, der dei fylte høgsalen med innlånte maleri frå lokalbefolkninga, ein vegg som berre vaks utover utstillingsperioden. I tillegg til utstillingssalen i etasjen over, og ikkje minst kunne ein teste ut ein karusell i publikumsområdet i 1. etasje.

 Ynskje om dialog med menneska rundt seg gjennomsyra Alt Går Bra sine kunstprosjekt. Om det gjeld naboane på Nordnes eller når dei besøke lokalbefolkninga i Førde, drikk kaffi og et heimelaga kringle, mens dei diskutere Strandamaleria som heng på veggen bak dei.

Vinteren 2024 kom boka om Strandamalarane. Der dei i tillegg til intervju av dei gjenlevande malarane og etterkommarane deira, har invitert inn eit knippe gode forfattarar, skribentar, kuratorar og andre til å sjå med sitt blikk på det unike fenomenet. For eit fenomen var det. Mellom 1940 og 1970 vart tusenvis av desse maleria produsert i Stranda i Lindås og vart hengt opp på stoveveggar og hytteveggar i heile Noreg. På det meste var det tolv personar i sving som arbeidde som Strandamalarar. I tillegg hadde dei folk som reiste rundt for å selje verka.

 

Alt Går Bra har dykka ned i emnet og prosjektet med ei interesse og eit alvor (men og med humor og humør), og har ikkje nødvendigvis gått inn i ein analyse av billeda sitt motiv eller penselstrøk, men sett på fenomenet og bevegelsen i seg sjølv. Det er og noko ein ser at i boka, det er ein interesse i å analysere bevegelsen frå ulike vinklar. Som når Hans Marius Hansteen samanliknar maleria til fiskarbøndene frå Stranda med diktinga og songen. Eit visuelt bilete og eit visuelt minne av ordet «heim», ein lengsel etter eit fellesskap og ei kollektiv fortid.

Medan kurator Frode Sandvik gjer oss ei innføring i kunstnarkollektivet Alt Går Bra. Og argumentera for at: «Prosjektene viser et våkent blikk for hierarkar, i kunstlivet så vel som i den større offentlige samtalen». (side 62) For også Alt Går Bra har ein unik måte å arbeide på, der dei dykkar ned i ukjende historier, som når dei tok utgangspunktet i historia til mimeografen eller intervjua ulike lokalsamfunn i prosjektet om «Den norske idealstaten».

 

Sandvik fortel vidare at «Den store etterspørselen forteller en historie om de mange nye hjemmene som ble etablert i etterkrigsårene, fra hovedstadens drabantbyer til nordnorske gjenreisningshus. Strandamalernes erobring av norske stuevegger vitner dessuten om landskapsmotivets sterke posisjon hos store deler av befolkningen, i det samme tidsrommet som er forbundet med høymodernismen i kunsthistoriebøkene.» (side 64).

Sandvik gjer eit liknande grep som Marit Paasche gjer i si bok «Søvn og Lykke», han påpeikar kor mykje makt det ligg i ord når det kjem til å undertrykke og plassere kunstnarar i båsar. Som i Dagbladet reportasjen frå 1956 der dei vert omtalt som «maskin-kunstmalere», «hurtigmalerier» og «malerifabrikker».

Forfattar Sandra Lillebø sin vakre tekst om dans, kropp og ungdomstid, filofiserar også rundt spørsmåla om kva kunst eigentleg er og kvifor det er så vanskeleg å forstå kunsten.

Ho samanfattar det med at kunsten ikkje er ei gudgitt gåve, men «Tvert imot krever de langvarig og hardt arbeid, og fordi det i hovudsak dreier seg om arbeid, tror jeg at muligheten for kunsten finnes i nesten alle». (side 52)

Likevel stussar ho over kvifor Strandamalarane ikkje kalla seg for kunstnarar og heller ikkje omtalte det dei laga som kunst. Og samanliknar dei med korleis forfattarar som Margit Sandemo tok avstand frå å omtale seg sjølv som kunstnar. Ho var til for lesaren, ho ønska å tene pengar, og det var ikkje kunsten i seg sjølv som dreiv ho. Men var det også for å beskytte seg sjølv? Lillebø trekk fram ei historie frå då Dagbladet intervjua Strandamalarane:
«Her kan nevnes den gangen Dagbladet tok seg bryet om å skrive om det fenomenet de utgjorde, bare for å gi arbeidene deres en grusom slakt.» (s. 54)

Som Lillebø poengterer seinare:
«En person som ikke pretenderer å være kunstner, kan heller ikke være en mislykket kunstner». (side 56)Likevel var jo verka deira etter alle solemerke kunst for dei som kjøpte verka og hang dei på stoveveggen.

Eg vil særskilt trekke fram Geir Haraldseth sitt djupdykk. Der han viser korleis Alt Går Bra rekontekstualiserar Strandamalarane sine maleri, når dei plassera dei kollektivt i eit kunstmuseum. Dei endra blikket til tilskodaren ved å ta det ned frå stoveveggen og henge maleriet opp på galleriveggen.

Han viser også til korleis innslag om Strandamalarane i program som «Norge rundt» ikkje berre er ein positiv medieomtale, men også er ein del av det faktiske prosjektet. Og korleis Alt Går Bra gjennom sitt kunstnarskap rokkar ved verdistrukturar og den såkalla «kunstbobla».

Og ikkje minst har eg på same måte som Haraldseth minna om både Strandamaleri og reproduksjonar av dei store norske kunstnarane hengande hos foreldre, besteforeldre, tanter og onklar. Eit felles minne og ei lenke til ei felles fortid.