- kultur og kaos
the-broken-column.jpg

Frida Kahlo

I foredraget får publikum høyre meir om det tragiske og fabelaktige livet til Magdalena Carmen Frida Kahlo y Calderón, betre kjend som Frida Kahlo. Kahlo er ein kunstnar som også i dag fascinerer, både grunna kunsten, men også grunna hennar liv. Frida var fødd i Coyoacán i 1907, som på den tida var ein liten by i utkanten av Mexico by. Då ho var lita vart Frida ramma av polio, og når ho berre var 18 år var ho innblanda i ei alvorleg trafikkulykke som kom til å prege ho for resten av livet.

Dei aller fleste av maleria til Kahlo er sjølvportrett, her blottstill ho seg, og viser både sin eigen seksualitet, usikkerhet og smerte. Ho malte med sterke og vibrerande fargar, og var sterkt inspirert av både tradisjonell indiansk kunst, men også av den moderne europeisk kultur. Ein kan finne spor av både realisme, symbolisme og surrealisme i dei sterke portretta hennar. Frida lev i ei tid med store omveltingar i heile verdssamfunnet, og Kahlo bemerka seg også som ein politisk kunstnar.

Kahlo sitt liv er på godt og vondt også knytt til den 20 år eldre meksikanske malaren Diego Rivera. Mannen som ho gifta seg med to gonger, og som ho omtalte slik «Eg har opplevd to ulykker i mitt liv, den eine var den tragiske ulykka med trikken, den andre var Diego».

self-portrait-with-monkeys-by-frida-kahlo-1943.jpg
Frida Kahlo "Jente med dødsmaske" 1938

Frida Kahlo "Jente med dødsmaske" 1938

Frida Kahlo "Selvportrett som Tehuana" 1943

Frida Kahlo "Selvportrett som Tehuana" 1943

Frida Kahlo "Selvportrett med brukket søyle" 1944

Frida Kahlo "Selvportrett med brukket søyle" 1944