Sophus Tromholt - Under nordlysets straaler
Sophus Tromholt "Fotograf bak kameraet" 1882/83
Sophus Tromholt 1882/83
Sophus Tromholt "Fra nordlysstationen i Kautokeino" 1882/83
Sophus Tromholt 1882/83
Sophus Tromholt - Under nordlysets straaler
Sophus Tromholt (1851-1896) kom til Bergen som lærar og nordlysforskar, men i 1882 reiste han til Kautokeino for å arbeide med nordlyset under det fyrste internasjonale polaråret. Her skulle Tromholt undersøke nordlysets høgde. I dag er Tromholt mest kjend for dei vakre og varme fotografia han tok under opphaldet i Finnmark. Her dokumenterar han kvalfangst, forskningsstasjonen, landskapet i nord, men det viktigaste er bileta av den nordlege befolkninga og deira liv. Her finnes det nære og direkte karakterportrett av den samiske befolkninga.
I 2013 vart Tromholt sine fotografi innlemma i UNESCO sin Memory of the World-liste, fotografia til Tromholt er difor blitt ein del av verdas kulturarv. Renate Rivedal skreiv i si tid masteroppgåva si om Sophus Tromholt og hans fotografi.