- kultur og kaos
Edward Hopper "House by the Railroad" 1925

Edward Hopper stille teater

Stor kunst er det ytre uttrykket for eit indre liv i kunstnaren, og det indre livet vil resultere i hans personlige visjon av verda, sa Edward Hopper. Livet til Edward Hopper er dokumentert i rikhaldige bøker og i artiklar, likevel var Edward sjølv sparsommeleg med detaljarte skildringar av både sitt eige liv og om meininga bak kunsten sin.

«Det eg ønske er å male sollys på øvste sida av eit hus», sa han.

Det er difor framleis spekulasjonar om kven Hopper eigentleg var og kva han la i maleria sine. Kona hans Jo var nok den som kom nærast både mannen og kunsten, og brukte også store delar av livet sitt og ofra karriera si for å hjelpe fram ektemannen. Gjennom hennar sirlige dagboksnotater kjem vi litt nærare arbeidet hans.

I løpet av det her foredraget skal vi prøve å komme djupare inn i kven han var, sjå nærare på maleria hans, kva sjanger han arbeida innafor og kvifor maleria hans har opplevd ein renessanse dei siste åra. Og ikkje minst kven var kona hans? Musen for alle kvinnene i maleria hans.